Stig Ulv – konsert/søndagskafe 26 april kl 16

 

Presseskriv

 

Stig Ulv

Stig Ulv er ute med ny plate, Gitarferd.Dette er den 6.plata i rekka og artisten har etterkvart etablert seg som ein av dei mest aktive gitarinstrumentalistane her til lands. Dei som set spor, varige spor, er dei som bryt ut og skapar noko nytt. Historiene om dei er mange. Dei gjer ein forskjell, difor set dei varige spor. Stig Ulv er ein av dei få som går sine eigne vegar. Lagar musikk som ikkje er laga før på ein måte som formidlar budskapet hans. Stig Ulv si forteljing. Det han fortel med gitaren sin er ein del av miljøet han har vokse opp i, krydra med det han har lært undervegs. Stig Ulv blir omtalt som ein av landet sine beste instrumentalikarar.   Stig Ulv spelar ikkje på gitarar, men får dei til å snakke. På nynorsk, sjølvsagt. Med ein utsøkt gitarteknikk, ein reinskåren følelse for harmoni og melodi, og ein lyd som løftar tonar over hav. Stig Ulv er nok eit bevis på at det rundt omkring på knattar og knausar – og langt unna dei store byane – finst talent som har masse å by på og som dessverre ikkje har blitt høyrt av så altfor mange.   Det Stig Ulv gir oss med sin musikk er stemningar som er så vakre og ettertenksomme at dei som sit igjen uberørt etter eit møte med dei, bør vurdere å oppsøke profesjonell hjelp. Nokre av låteane ropar etter tekst men du verden så godt dei klarar seg utan også – her kan ein for eksempel skape sitt eige univers saman med Stig Ulv.   Med eit arsenal av akustiske strengeinstrument, inkludert banjo, maktar Stig Ulv, som er mutters åleine , å skape forskjelleige slags stemningar i landskap som hentar hemningslaust ifrå både folk, pop, vise, jazz og andre herligheiter   Stig Ulv blir skidra som ein leiken hybrid mellom Ry Cooder og Knut Reiersrud. Billetter: 200,- Bestilles på post@primstaven.net, mob 926 44 653 eller kjøpes ved inngang, Hør smakebiter  av musikken her: