Velg en side

Villskapens år – Bjørnstjerne Bjørnson 1832-1875

Villskapens år – Bjørnstjerne Bjørnson 1832-1875

kr 225,00

I 1858 les femten år gamle Bjørnstjerne Bjørnson ein avisartikkel om den franske februarrevolusjonen, om opprøret mot Europas mektige som sprer seg frå land til land, og noko vakner til liv i han. Det er eit engasjement og ei tru på folkopplysing og framtid som han skulle bera med seg resten av livet. I Villskapens år følgjer vi Bjørnstjerne Bjørnson frå han er ein ukjend og ærgjerrig ung mann, til han er midt i livet. Han vert heilt avgjerande i arbeidet for å skapa eit moderne og demokratisk Noreg. Han gjer teateret til skodeplass for det verkelege livet. Han innvarslar den litterære realismen i Norden. Edvard Hoem teikner eit sterkt og tydeleg portrett av denne mannen som var dikter, politikar, teatersjef og redaktør – ustoppeleg og engasjert på nær sagt alle område i samfunnslivet. Samstundes skildrar han Bjørnstjerne Bjørnson som eit menneske blant menneska, som sine venners venn, som ektemannen til Karoline og som stolt familiefar. Og aldri før har det vorte skrive så levande om vennskapet og striden mellom Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson, vi følger dei begge fra starten av karrierene deira, og til dei etter kvart går kvar sin veg. Villskapens år er det første av to bind i biografien om Bjørnstjerne Bjørnson. Andre og siste bind kjem i 2010, da det er 100 år sida Bjørnson døydde.

1 på lager

Produktnummer: Artikkelnr 11000329 Kategori: Stikkord: ,

Bok informasjon

Ny eller brukt En bok fra Primstaven antikvariat
ISBN 9788249502882
Artikkelnummer Artikkelnr 11000329
Språk Norsk sidemål
Antall sider 666
Innbinding Innbundet
Utgitt 2009
Bokens tilstand Meget pent eksemplar
Kategori:
Forfatter:
Forlag:

Tilleggsinformasjon

Vekt 1694 g

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bare innloggede kunder som har kjøpt dette produktet kan legge igjen en omtale.